Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Båtvika

Jon Olav Ørsal Fredag 25. september 2015

Torsdag 24. september drog stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Flessen. Her vart vi godt mottekne av Ole Flessen, som fortalde om plassen og stadene rundt. Fint vêr hadde vi heile dagen, men på grunn av gravearbeid kom vi oss ikkje så langt at vi kunne sjå heilt ned i Båtvika. Trist at vi ikkje kunne få visa fram denne fine plassen nedmed fjorden!

Neste torsdag møter Stavganggruppa på parkeringsplassen mellom Kulturhuset og Prix Extra på Skei, der vi går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mor Røssmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkeren. Der blir det omvisning. Fortset deretter attende til bilane. Den som vil, kan kjøpa seg mat på Cafè Dan (Domuskafèen).

Bildegalleri frå stavgangturen til flessen og Båtvika.

 

Publisert: 25. september 2015, 19:49