Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang Søyset – Mulneset i finvêret

Stavgang Søyset – Mulneset i finvêret

Vidar Sogge Torsdag 30. mai 2013

Vi parkerte bilane ved det flotte klubbhuset til IL Søya og gjekk opp til Søyset, som tidleg på 1800-talet hadde vore embetsgard til futen. I dag har Lene Søyseth ansvaret for 12 hobby- og tråvhestar. Den mest kjende av dei er 4-åringen Kaiser. Langs vegen opp frå Søyset minte nokre hol innover fjellet om førsøket på gruvedrift, som eit engelsk firma gjorde tidleg på 1900-talet. Etter kvart går skogsbilvegen over til traktorveg, før vi dei siste metrane fram til Mulneset følgjer ein idyllisk sti.

Idéen om ei bru frå Mulneset til Rykkjemsida, som ei løysing på ferjefritt samband mellom Surnadal og Sunndal, har enkelte gonger dukka opp i media. Men i dag kunne vi framleis sjå ferja som gjekk i skytteltrafikk mellom Kvanne og Rykkjem. Alle 27 deltakarane avslutta turen med kaffe og nistepakke ved klubbhuset til IL Søya. Neste veke møtest vi på Mogstad og går opp til Leikaren. Der blir vi ønskt velkomne av Ellen og Gunnar.

Bilder frå turen til Mulneset finn du i galleriet nedafor.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 30. mai 2013, 21:55