Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang på elvakanten ved Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. september 2017

Denne veka har stavganggruppa besøkt Todalen. Med Bordholmen stadion som samlingspunkt vart det tur utafor allfarveg i dag, da ruta var lagt etter stien som går frå Halsabrua og oppover etter elvekanten til stien kjem inn på fylkesvegen igjen ved Trøbakkan og kunne sette kursen mot Bordholmen igjen. 

I Gunnøya var det ein liten pause ved gapahuken til Todalen elveeigarlag – det er forresten eit mykje bruka turmål. Foto: Sigrun Ørsal

Med på turen i dag var også ein klasse med frå Surnadal Vidaregåande skule deltok på stavgangturen, og med «smått og stort» vart det nærare femti deltakarar.  Det var omsorgsklassen som skulle «trene» på å være i lag med eldre folk. Etter turen spanderte klassen kake til kaffen, da gjengen vart samla til kaffelag på Bordholmen etter turen. Fint at eldre og yngre kan samarbeide om slike tiltak – det kjem alle til gode.

Takk igjen til Sigrun Ørsal som også denne dagen stilte som «hoffotograf» – bilda kan du sjå i galleriet nedafor.

Publisert: 7. september 2017, 16:06