Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang og terrassekos på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mai 2015

Torsdag denne veka gikk stavgangturen til Todalen – nærare bestemt til Brusetmarka og Gammelfabrikken til Talgø. Over 30 deltakarar samlast ved Gammelfabrikken og gikk opp Falla etter gammelvegen – og vidare oppover til Tjønnmyran – til det nye lysløypeanlegget til Todalen idrettslag.

Det smaka med kaffe etter turen. Foto:Jon Olav Ørsal

Etterpå var det samling på terrassen for ein liten pause og ein kaffetår. Her var det litt historikk og generell informasjon om Talgøkonsernet som starta si verksemd her alt i 1899, da gründerparet Thore og Thora Talgø flytta heim frå Kristiansund for å starte med møbelfabrikk. Det var møbelproduskjon i lokala her heilt til 1970-talet, da produksjonen vart flytta til ny fabrikk som vart bygd på Kvennsetøran.

I dag er Gammelfabrikken nytta til ustillingslokale for alle produkta som Talgø produserer og sel, og utafor er det laga eit fint parikanlegg – basert på MøreRoyal-prudukt frå Møretre. produkta frå Talgø selges til dei største møbel- og byggvarekjedene i Norge.

Etterpå var det høve til å sjå seg rundt både innomhus i gammelfabrikken og utomhus i det nyrenoverte parkanlegget ved Gammelfabrikken og Storfossen.

Bildegalleriet er frå turen, kafferasten på gammelfabrikken – og frå utstillingane både ute og inne.

 

 

Publisert: 21. mai 2015, 21:55