Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang langs Åsskardfjorden

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juni 2018

Torsdag var Surnadal pensjonistlags stavganggruppe på tur til Åsskard. Litt duskregn i starten skremte ikkje turgangarane, og turen gikk utover langs Åsskardfjorden. Dette var nok nytt landskap for mange, som fikk oppleve ein nydeleg og frodig natur langs fjorden.

Regn vart det ikkje mykje av, så brannsjefen opprettheld bålforbudet både for stavgangarane og andre som ferdes i naturen. Etterpå vart det ein lang og god kaffepause med triveleg prat og da var det faktisk opphaldsvêr igjen.  neste torsdag – den 21. juni går stavgangturen til Kårvatn i Todalen, med oppmøte til vanleg tid.

Naturidyll langs Åsskardfjorden. Foto: Wenche Kvendset

 

Ein pust i bakken langs Åsskardfjorden. Foto: Wenche Kvendset

 

Stavganggruppa på marsj langs Åsskardfjorden. Foto: Wenche Kvendset

 

 

 

Publisert: 14. juni 2018, 18:23