Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar dataklubb i Surnadal Pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Fredag 17. februar 2017
På nyåret arrangerte Surnadal pensjonistlag datakur for sine medlemar. Dette var det stor interesse for og dei kjørte faktisk to parti for at alle interesserte skulle få delta. No er dei ferdige med datakurset, og no dei datainteresserte pensjonistane fortsette å treffast, og kanskje andre også vil vere med, lurar leiar Kristian Ranes.
 
Vi startar ein «Dataklubb» i Surnadal Pensjonistlag, skriv leiar Kristian Ranes til Todalen.no .
Pensjonistlaget inviterer til å bli med onsdag 22.2. kl 1100 møtes vi på biblioteket.
Ta med PC-/nettbrett og litt kaffe og noko å bite i, så får vi i lag drøfte korleis vi skal legge det opp. Alle godt vaksne er velkomne, – også dei som ikkje var med på datakurset.
Publisert: 17. februar 2017, 16:38