Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sesongstart i arboretet

Sesongstart i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 12. mai 2013

Laurdag var det sesongopning i Svinviks arboret. Det var mange som nytta finvêrsdagen og tok seg ein tur, og gjennom dagen var det mange som var innom, fortel Maja Frønes, som i år er ansvarleg for drifta i arboretet. Blomstringa er komen  i gang, og med nokre varme vårdagar i fortsettinga vil nok Svinviks arboret snart stå i full flor.

Slik som i andre hagar er nok rododendronblomstringa litt seint ute i år, men det er store mengder med blomsterknoppar som berre ventar på litt varme før blomstringa kjem for fullt. Tidlegare år har det hendt at blomstringa har starta alt i slutten av mars, og at toppen av blomstringa har vore nådd før arboretet har opna for sesongen. I år vil publikum kunne få med seg heile blomstringssyklysen, som først har kome starta dei siste to vekene.

I kafeterian er dei godt førebudd på å ta imot besøk. I år er det Gunnhild Bøklepp Bøe som er kafevert, og ho har mykje godt å by på for den som treng ein kaffepause eller berre stikk innom for å ta ein kopp kafe. I kafeen jobbar dei med å lage eit lite «reiseminne-hjørne», der dei skal tilby både lokalt handarbeid og andre produkt. Det blir også plantesalg, der det blir både rododendron og andre planter å få kjøpt.

Maja Frønes fortel at dei alt no har mange bestillingar frå grupper som kjemt til Svinviks arboret. Dette har auka på dei siste åra, og  for denne sesongen ser det riktig så bra ut. Tidlegare har det vore mest slike besøk frå Trøndelag, men det blir stadig fleire grupper som kjem frå eige fylke. I samband med dette er det laga meir plass til uteservering framfor kafeteriaen.

Bilder frå opningsdagen i Svinviks arboret.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. mai 2013, 09:33