Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H – Planlegging av haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. oktober 2020

Start 4H er i planleggingsfasen av årets haustfesta. Koronasituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfest på tradisjonell måte, så det blir i år ei alternativ haustfest der ein legg opp til eit utearrangement, men at det vil bli høve til å få sjå utstillingane innandørs i Skulstuå. 

Klar for si første haustfest. Foto B G Ansnes

Årets haustfest blir laurdag 7.november kl. 14:00 på området framom Skulstuå. Utstillingane vil vere i 1. og 2.etasje i Skulstuå og alle får gå inn å sjå på dei. Elles vil det bli enkel servering ute. Det vil og bli laga ein natursti med quiz. 

Då vi var innom i går kveld var dei fleste av medlemmane i full gang med planlegginga av årets haustfest. Neste veke samlar medlemmane for å ta til med sluttspurten på oppgåvene sine, og ikkje minst førebu utstillingane sine. Så sjølv om det ikkje blir ei tradisjonell haustfest i år, så er vi sikre på at dei vil lage ei fin avslutning på 4H-året. 

«Veteranane» i klubben. Foto: B G Ansnes

Meri informasjon om huastfesta vil bli kunngjort her på Todalen.no etter kvart som alle detaljar kjem på plass, så det er berre å følgje med! 

 

Først publisert: 14. oktober 2020, 07:00 - Sist oppdatert: 13. oktober 2020, 20:07