Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvikfjord på prøvetur i sambandet Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

Nyferja Stangvikfjord la til kai på Kvanne i dag. Snart er ho klar for å ta fatt på oppgåva med å frakte folk og bilar over fjoren i sambandet Kvanne – Rykkjem.  Den opprinnelege plana var egentleg at den skulle settes i trafikk i løpet av våren, men som så mykje anna vart også nyferja forsinka av situasjonen som har oppstått i samband med koronaviruset. 

Vi har fått bilde av «Stangvikfjord» da den kom og la til i fergeleiet ved Kvanne for å prøve ferjelemmen og utstyret der.  Stangvikfjord er såkalla hybridferge, som går på straum. Straumen kan enten leverast frå batteri i ferja, eller den kan produserast av dieselmotorar om bord.  Det er bygd ladestasjonar både på Rykkjem og på Kvanne, men vi er usikker på om dei er ferdige og kan taskast i bruk.  Enn så lenge vil nok Stangvikfjord produsere straumen sjølv – og snart kjem ho altså i drift på rute 46  Kvanne – Rykkjem.

 

Publisert: 15. august 2020, 14:31