Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik Historielag med fellestur til Noatun på Åsprong

Elinor Bolme Torsdag 2. april 2015

Stangvik Historielag har allerede no si aktivitetsplan klar for 2015. Dei startar den første fellesturen no 11. april, og har fått ein 52/17 Søndagstur, blandt anna. 1. tur går til Noatun, langhuset som Edvard Røkkum og Kristin Settem har på Åsprong, 11. april  kl 15 til ca kl 19/21 –avkjørsel blir skilta (ved mjølk-rampe på høgre side av vegen). Vi satsar på samkjøring med privatbilar, oppmøte ved ferjekaia på Kvanne kl 14.30. – Men: kom gjerne i båt, det er båthamn ca 100 m frå huset! Vi håpar at dette kan vera av interesse for både eldre og yngre!

Opplegg:
I tillegg til kaffe, blir det servert aure med rotmos og flatbrød.
Orientering om huset.

Ta gjerne med eldre ting som vi kan tala om, stille spørsmålom; vi tek oss tid til grubling og samtale om dei forskjellige tinga.
Påmelding til Einar Grønnes (tlf 91894944, epost: einar.gronnes@gmail.com ) innen 1. april 2015 – Dei tek imot maks 30 stk, så her blir det «førstemann til mølla» ——.
Betaling: Skyss betales av kvar enkelt. I tillegg betaler vi kr 150,- pr pers for mat/orientering.

2.tur: «Søndagsturen 52/17» Stangvik Historielag står som arrangør av «Søndagsturen» den 10. mai. Vi satsar da på start frå Vang skisenter kl 11.00, turen går utover Gammelvegen, mot Grantrøinn («Bøkeskogen»), der det vilbli koka kaffe og høve til å grille. Ta med grillmat eller anna niste! Nærare orientering vil koma i media i forkant av arrangementet.
 
3. tur: Ny tur til Årnesliene laurdag 13. juni. Vi startar kl 11, med parkering ved Jørristufjøset, evnt oppi «Rønningå». Turen tek eit par timar, og går i lett terreng etter skogsvegar og stiar. Nils Røv og Bernt Bøe vil delta på turen. – Etter turen blir det samling i Grendahuset med servering og litt underhalding.
 
4. tur: Tur til Søyådalen – Oppmøte ved gammelskulen oppå Eia kl 10.00 laurdag den 1. august.  Samkjøring herfra innover dalen. Ta med niste og ha på gode sko! Lanseringa av den nye Søyådals-boka er planlagt til Vårsøghelga, og forfattarane av boka vil bli med på turen som «gaidar».

Publisert: 2. april 2015, 16:34