Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stamfisket i rute

Stamfisket i rute

Jon Olav Ørsal Fredag 7. september 2012

Todalen Elveeigarlag melder at dei er så godt som im mål når det gjeld årets stamfiske etter laks. Dei har no 5 hofiskar og 2 hanfiskar som er i god kondisjon og som er gentesta, men det er enno ønskjeleg med 2-3 hannar for å få større breidde i genmaterialet.

Det har derfor vore fiskarar ut dei siste dagane, no når det er så god vasføring i Toåa.  Fredag var det mest sjøaure som gikk på kroken, da Ola Einar Øyen fikk eit prakteksemplar på mellom 7 og 8 kg,  samt ein som var mindre. Den vart teken på flue ved Ytter Dammen ved Ramsøya. I tillegg var det også teke ein hanlaks som enno ikkje er gentesta.

Storauren fekk ein ny sjangse i livet, og vart slept ut igjen.  Aurefisket har vore dårleg i år, så det er vel på sin plass at den får fortsette jobben sin med å spreie genane for å gi liv til nye generasjonar.

Publisert: 7. september 2012, 21:00