Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stadig fleire ferierer i Noreg

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. juli 2016

Ein ny trend er at stadig fleire brukar ferien sin heime i Noreg. Statistikkar frå turistnæringa byggjer under dette og kvifor skal vi ikkje nytte oss av vårt eige heimland når det er som finast her – og nyte sommartida. Statistikkane frå Kårvatn og Todalshytta er berre med og bekreftar dette – Kårvatn har over 40 % auke i talet på overnattingar, og Todalshytta er hakk i hel med rundt 30 % auke.

Fjellvandrarane kom tidleg i gang i år, og det har vore mykje fint turver, så noko av auken kan vel forklarast slik. Men det er også fleire dagturistar som kjem pr bil og det er fleire ungdommar som brukar naturen. For ungdommane er det toppturar som er den nye trenden, og for dem er det eit ypperleg utgangspunkt her på Kårvatn, seier Gudmund Kårvatn som i år har teke over drifta av Målastua saman med kona Cathrine.

Berit Kårvatn har hatt ansvaret for turistane i over 30 år. No er det Gudmund og Cathrine som tek over og vil utvikle tilbodet vidare. Foto: Driv/Jon Olav Ørsal

Tidlegare har mora Berit stått for turistane i over 30 år, men no blir ho ein viktig «seniorrådgjevar» for oss seier Gudmund og Cathrine. Dei to vil no satse på å vidareutvikle drifta og vil da prøve å satse på mat. Dei har lange mattradisjonar å byggje på og dei ser og at mange av turistane sett pris på å få maten på bordet.  Dette tilbodet  vil vi utvikle litt etter litt, og vil nok starte litt forsiktig og hauste erfaring etter kvart.

På Todalshytta har vertskap på tredje året, Eric Malling, den same erfaringa. På Todalshytta har talet på overnattingar auka med rundt 30 % samanlikna med fjoråret. Straumen av fjellturistar er ikkje så stor her, for Todalshytta ligg i utkanten av rutenettet i Trollheim og det blir stort sett trafikken mellom Innerdalen og Todalshytta. Men tilgjengjeld heng det mykje laksefikarhistorie i veggane på Todalehytta som vart bygd i 1901.

Fotturistar_todalshytta_2889

Familien Stavik fra Oslo, er klare for avgang til Innerdalen via Bjøråskaret. Frå venstre Jan Stavik, Christin Johannessen, Harald Stavik og verten sjølv Eric Malling, med Ulv som også ville være med på biletet. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

Difor er nok laksefiskarane i Toåa den største kundegruppa til Malling. Og i år har det vore eit eventyrleg fiske i Toåa – til no i sesonger er det teke 3 gong så mykje laks som i fjor, og det er alt selt fleire fiskekort til no enn i hele fjorssesongen. Todalshytta har etterkvart vorte ein fin samlingsstad for laksefiskarane, og det skaulle berre mangle når ein tenkjer på Todalshytta som den plassen dei engelske lakselordane samlast alt for 115 år sia.

Men det er ikkje berre lakselordar og fotturistar på Todalshytta. Erik Malling har også eit bein i den kulturelle verden. Todalshytta har arrangert låtskrivarseminar med kjente deltakarar dei to siste år. Dette har gjeve grunnlag for fleire konsertar, både på Todalshytta og på Gammelfabrikken. RAUS-konsertane på Gammelfabrikken har trekt fullt hus to år på rad og konsertane på Todalshytta er også godt besøkt. Etter kvart har folk fått opp auga for denne kulturformen og sett pris på tiltaket.

Publisert: 27. juli 2016, 22:00