Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

St. Hans-bål på Ansnessaga

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. juni 2020

Talgø Møretre har i år laga St. Hans-bål ved Ansnessaga, og har fått godkjenning for å brenne bål av brannmeistaren i kommunen. Bålet vil bli tent tysdag 23.juni kl. 18:00. Den som vil sjå bålet kan ta turen til Ansnessaga.

På grunn av den rådande Koronasituasjonen blir det ikkje noko form for servering, men den som vil kan sjølvsagt ta med dette sjølv. Det blir ikkje lagt opp til grilling.  Vi kan i staden reklamere litt for Todalsdagen som blir laurdag 27.juni. Her vil det bli høve til å få kjøpt grillmat og ta ei litt forsinka St. Hans-feiring!

Publisert: 22. juni 2020, 16:51