Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Springarfest for dei minste

Elinor Bolme Onsdag 30. desember 2015

I dag var det full fres i Todalen ungdomshus under Idrettslagets juletrefestarrangement. Juletrefest i romjula har dei siste åra vore fråværande i Todalen, men etter oppmøtet å sjå til, kan dette vera eit arrangement som kanskje kan vidareførast i framtida. Mange småbarnsfamiliar var samla til gang rundt juletreet og ikkje minst ein god prat over ein enkel kopp kaffe. Ungane fekk lufta seg og trefft vener igjen etter over ei vekes skulefri som kan verke lang på dei fleste.

Vertskapet var hovedstyret i Todalen Idrettslag, og med seg hadde dei Øystein Moe, som stod for musikk til juletregangen.

Under er eit lite bildegalleri frå ungdomshuset. Alle foto ElinorB

Publisert: 30. desember 2015, 17:47