Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spikarkald novembermånad

Spikarkald novembermånad

Jon Olav Ørsal Måndag 6. desember 2010

Det er sagt at november i år er den kaldaste novembermånaden på over hundre år over heile landet. Det er nok tilfelle i Todalen også, for Jon Bruset fortel at det er det i år har vore 17 dager der han berre har registrert kuldegrader. Kaldaste dagen på Småhjellå registrerte han -13,5 (25.11.). Heile 8 dagar har det vore minimumstemperatur lågare enn -10 grader.  Men det har også vore mildvær, for det er registrert 5 dagar uten frost (perioden 1.-7.november).

I fjor var det til samanlikning 14 døgn med +10 eller meir, og høgaste temperaturen som var registrert var +16,1 den 20. november. Lågaste temperatur for november 2009 var -5,8. Går vi attende til 2000, så var det 21 døgn med +10 eller meir i maksimumstemperatur.

Desember i år har også hatt ein kald start. For desember er rekorden både for kalde og varme dagar på Småhjellan sett i desember 2000. Høgaste temperatur som vart målt da var +16,5 grader (6.12.2000), medan lågaste temperatur var -18,8 grader (29.12.2000).

Jon Bruset har registrert maksimum- og minimumstemperatur kvar dag i 20 år, og på bakgrunn av noteringane konkluderer han med at «haust- og vintervéret er kjøle variabelt her på traktå»

Først publisert: 6. desember 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 5. desember 2010, 23:45