Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande delfinale i klassequizen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2019

Den første delfinalen i Klassequizen var mesta meir spennande enn ein har godt av.  Surnadals lag leia siste halvdel av konkurransen og det var vel alle som trudde at forspranget skulle halde til dei var i mål.  Men i siste runde glippa det litt, og dei vart eit fattig sekund for seint i mål, og dermed vart det finaleplass på Myre skole og Smestad skole. Det var eit par bom og dermed litt straffetid som felte Surnadal i siste innspurt.

Frå venstre laga frå Surnadals ungdomskule, Myre skole og Smestad skole. Foto frå NRK1

Men du verden for ein innsats – den er det berre å ta av seg hatten for.  Surnadals lag «var med» heilt frå starten av Klassequizen og på ein imponerende måte klarte dei å arbeide seg heilt opp i teten, og den plassen heldt dei heilt til siste runde der det var lagt inn tidsforsinking dersom dei bomma på nokon av spørsmåla.  Dette første til at både Myre skole og Smestad skule kom i tet og sikra seg finaleplassane. Men Surnadals lag har all grunn til å være stolte av innsatsen dei har gjort i årets Klassequiz.  Dei tre som deltok frå Surnadal ungdomsskule var Synnøve Aukan Meisingset, Amund Pihl Strand og Erik Kårvatn.

Dei 9 laga som deltok i den første delfinalen laurdag kveld. Foto frå NRK1

Publisert: 13. april 2019, 20:33