Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spektakulær bruk av MøreRoyal på Vega

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2019

«Vegatrappa og Ravnfloget Via Ferrata åpner veien til himmels» er overskrifta i Brønnøysund avis, som omtalar opninga av det spektakulære anlegget på øya Vega utafor Brønnøysund. – Det som er spesielt er at trappa er 500 meter lang, og har rundt 2000 trinn. Og at den er bygd i tre – MøreRoyal frå Talgø MøreTre.

Vegatrappa er 500 meter lang og er bygd i tre – MøreRoyal frå Talgø MøreTre. Foto: Jon Olav Ørsal

Vegatrappa
Før starten av bygginga for eit års tid sia vart det gjort mange vurderingar av både traseval, materialar og byggemåtar. Konklusjonen vart at troppa skulle byggast i tre, og her vart det MøreRoyal som trekte det lengste strået, der unik råtemotstand og lang levetid var viktig.

Prosjektet er kostnadsrekna til rundt 2,5 mill., og har fått støtte både frå næringslivet og det offentlege i tillegg til at kvart enkelt trappetrinn blir selt ut til privatpersonar og bedrifter for ein tusenlapp. Turen opp og ned troppa tek 3 til 4 timar alt etter ambisjon, og fleire rasteplassar kan være gode å finne på turen.

Like ved er Ravnfloget Via Ferrata bygd. Det er ei klatreløype som går opp til toppen av Ravnfloget. Det er to løyper, ei grøn og ei svart. Begge løypene må klatrast saman med guide. Frå starten går den opp til 225 høgdemeter og tek rundt 2 timar.

Laurdag 8. juni var det altså snorklipping for anlegget som no kan takast i bruk, sjølv om arbeidet med troppa enno ikkje er avslutta. Ein liten deputasjon frå Talgø MøreTre deltok på opninga, og besøk derfrå vart det også i førre veke.

Brua mellom parkeringsplassen og Verdsarvsenteret på Vega er også bygd i MøreRoyal. Foto: Jon Olav Ørsal

Storstila opning var det også av Verdsarvsentret på Vega i førre veke, der mellom anna kronprinsen deltok. Her var også Talgø MøreTre mellom leverandørane – mellom anna var brua mellom parkeringsplassen og senteret bygd i Møre Royal og konstruert av Talgø MøreTre.

Talgø Møretre er medlem i Todalen.no

Bildeglimt fra Vega – Vegatrappa, Ravnfloget Via ferrata og frå Verdsarvsenteret –  Foto Lars Lillegård og Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. juni 2019, 10:01