Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spansk aften og Nordmørskveld på Pakkhuset kro

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

På Pakkhuset blir det travelt denne veka – onsdag  inviteres det til «Spansk aften» og torsdag til Nordmørskveld med underhaldning.  Begge kveldane er det start frå kl 20.00.

Onsdag kveld 5. august, er det Siri Lund og Frances som er kokkar, og dei briljerer med sine mange og gode spanske rettar til den «spanske aften» på Pakkhuset. Påmeldingsliste blir lagt ut på Hals-bua.

DSC_5175

Johan Øiestad kjem! Arkvifoto: Jon Olav Ørsal

Torsdag kveld 6.  august inviteres det til Nordmørskveld. Programmet er ikkje heilt ferdigbanka enno, men det er iallfall klart at dei Johan Øiestad og kona Dagny Marie vil kome og underhalde. Hit kjem også Inger Lies Bøe Bævre, og i tillegg vil nok bli «spontanopptreden» frå den som måtte føle for det. I tillegg selger Pakkhuset på Siris gode og suksessfulle klippfisksuppe, med hemmeleg oppskrift. – Vi håpar at mange har anledning til å kome, skriv vertinne Synnøve i ein e-post til Todalen.no

DSC_5166

Her nytes Siris klippfisksuppe i teltet. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. august 2015, 15:34