Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G9/10 – Dahle G10

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. september 2020

Måndag kveld var det kamp mellom Søya/Todalen sitt G9/10 lag og Dahle G10 på Søyabanen. Trenarane var spente på om innsatsen og kjempinga frå siste kamp mot Surnadal ville fortsette denne kampen òg? Det vart tidleg klart at kristiansundarane var eit velspelande og ikkje minst samspelt lag som varta opp med god angrepsfotball. Dei var og effektive framom mål. Søya/Todalen spela seg og fram til mange sjansar, men der kristiansundarane fekk teljande resultat, vart det berre nære på for heimelaget.

Men til slutt fekk heimelaget hål på byllen, men då var kampen nesten slutt. Så då dommaren bles i fløyta for siste gong måtte heimelaget konstatere at dei trass i ein god kamp måtte la kristiansundarane ta med seg sigeren heimatt. Men heimelaget kan vere stort sett vere stolte av innsatsen sin, og prestasjonane har betra seg mykje sidan første kamp. Så her er det mykje positivt å byggje vidare på.

Her har vi bilete av laget som Dahle stillte med. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Søya/Todalen stilte med følgjande spelarar: Marius Kvande, Olav Gjeldnes, Magnar Vikan, Erlend S. Polden, Ailo K. Røen, Jens Sancho Ansnes, Jakob Ranes, Sindre M. Rodal, Lars Ailo Gjeldnes, Ådne Gjeldnes og Anders B. Dalsegg.

Neste kamp for Søya/Todalen G9/10 er bortekampen mot Surnadal G10 fredag fredag 11.september kl. 18:00 på Amfi Park.

Publisert: 7. september 2020, 20:00