Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G12 på tokt i Hustadvika

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. september 2020

Søya/Todalen sitt G12 lag er på tokt i Hustadvika kommune i helga. Dei skal spele heile 3 kampar på 2 dagar med innlagt overnatting på Hustadvika Gjestegård på Farstad. Så her får laget god tid til lagbygging og sosialt samkvem med kvarandre. I løpet av helga skal Søya/Todalen spele mot Ekko/Aureosen laurdag kl. 12, mot Bud laurdag kl. 17 og til slutt mot Bryn på søndag kl. 12.

Første kamp vart spela mot Ekko/Aureosen på Ekkobanen med avspark kl. 12. Det vart ein jamn kamp, som heimelaget til slutt vann med eitt fattig mål. Søya/Todalen sine mål vart scora av Marius M. Kvande (3) og Heine T. Røen (1). Søya/Todalen spela sin beste kamp for sesongen. Kampen vart prega av eit hardt spelande heimelag, noko dommaren ikkje valde å slå ned på. I tillegg vart kampen av det kortaste slaget, då dommaren bles av kampen fleire minutt før laga hadde spela full tid. Søya/Todalen har ny kamp allereie klokka 17, så her går det unna!

Då ynskjer vi god tur vidare til Bud og lykke til med kampen mot Bud på Bud kunstgress kl. 17. Vi kjem attende med kamprapport frå denne kampen utpå kvelden.  

Takk til Gunnar Nordvik og Solveig M. Kvande for info frå kampen og bilete.   

Publisert: 5. september 2020, 14:39