Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G12 – Ekko/Aureosen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 27. september 2020

Søndag kl. 14:00 spela Søya/Todalen sitt G12 lag sin andre kamp denne helga. I går spela dei kamp mot Smøla G12 på Bordholmen stadion medan det i dag var kamp på Søyabanen mot Ekko/Aureosen. 

Første omgang starta med eit klart overtak til heimelaget, slik som i gårsdagens kamp på Bordholmen stadion. Men i dag klarte laget å halde trykket oppe heile omgangen og lot ikkje bortelaget kome inn i kampen. Heimelaget gjekk til pause med leiing slik som i går. 

I andre omgang var kampbiletet stort sett det same, med Søya/Todalen eit lite hestehovud framom. Bortelaget hadde ein tøff og hard spelestil, men med dommar Ola Magne Nordvik si myndige og gode kampleiing fekk dette heldigvis ikkje sette sitt preg på kampen. Heimelaget hadde i dag bestemt seg for å halde trykket oppe og kjempe heile kampen, noko dei lukkast godt med. Så då dommar Nordvik bles av kampen for full til var heimesigeren sikra. 

Søya/Todalen sine mål vart scora av: Marius Kvande 4, Hallvard Nordvik 1, Sigurd B. Kvendset 1 og Orion Fossen 1. 

Søya/Todalen sitt lag: Tor Asbjørn Karlsen, Håkon Nes, Orion Fossen, Steinar Stenberg, Finn Isak Brakstad, Sigurd B. Kvendset, Halvard Nordvik, Marius Kvande og Heine Røen. 

Takk til Gunnar Nordvik for info og bilete frå kampen. 

 

 

 

Publisert: 27. september 2020, 15:14