Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen G12 – Eidsvåg G12

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. august 2020

Laurdag var det duka for seriekamp mellom Søya/Todalen G12 og Eidsvåg G12. Kampen markerte avslutninga på I.L. Søya sin aktivitetsdag som vart arrangert mellom kl. 11 og 14 i staden for årets Søya Cup, som måtte avlysast på grunn av Koronasituasjonen. Eidsvåg vann kampen til slutt med god margin. Søya/Todalen sin målscorar var Marius Kvande.  

Allereie i morgon (søndag) har G12 ny kamp. Då går turen til Smøla for å spele seriekamp mot Smøla G12. Så det blir ikkje mykje tid til restitusjonstrening mellom kampane. Vi ønskjer God Tur!

Mange takk til Gunnar Nordvik for bilete og informasjon frå kampen!

Eidsvåg G12. Dommar er Ola Magne Nordvik. Foto: Gunnar Nordvik.

 

Publisert: 22. august 2020, 16:37