Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sørsida tok storhjorten

Jon Olav Ørsal Søndag 24. september 2017

Hjortjakta er godt i gang, men så langt har det ikkje vore så stor aktivitet. Hittil er det stort sett Kårvatn Jaktlag som så langt i jakta kan vise til resultat, medan Kvennset felte ein spissbukk forrige helg. Sist laurdag gikk imidlertid storhjorten i garnet på Sørsida jaktlag.  Vekta viste 143 kg etter at hjorten var slakta, og det skal være ein av dei største som er felt på Sørsida i nyare tid.

143 kg vart slaktvekta på bukken som vart felt i Øyalia. Foto: Arve Halset

Det var Arve Halset som fikk storbukk, kolle, fjorskolle og kalv på posten i Øyalia, og dermed fikk storbukken sitt banesår  – medan resten av flokken fortsette.  Men hjorten lever farleg no utover hausten, og frå måndag er også elgen fredlaus, så no trappar vel jaktlaga opp aktiviteten etter kvart. 

Vi sett stor pris på gode bilder frå jakta – det treng ikkje å være trofebilder, men kan også være naturbilder eller bilder frå kosen rundt bålet……

Publisert: 24. september 2017, 08:28