Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søppeldag: Nils hentar søpla di…

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. august 2016

Onsdag er søppeldag – og da er det fast opplegg med todalstur for Nils Sylte i Hamos, iallfall i månadane mai til og med august.  Frå 1. september er det igjen vinterrute som kjøres, og da blir det tømming annakvar veke for restavfall og kvar 4. veke for papir og plastinnsamling, fortel Nils.

Frå 1. september blir det tømming av restavfall kvar 14. dag igjen fortel Nils Sylte i Hamos. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi trefte Nils Sylta i Brusetmarka, da han var rundt med si todalsrute for å hente restavfall.  Restavfallet kjøres inn til Hamos sitt anlegg i Røtet, der det blir lasta over i containere og frakta til forbrenningsanlegget på Heimdal. Her blir energien frå forbrenninga sendt ut på fjernvarmenettet og sørger altså for å halde varmen i folk i trønderhovudstaden.

På nettsidene til Hamos i Surnadal finn du meir informasjon om Hamos sine aktivitetar i Surnadal – med opnningstider, informasjon om sortering  og tømmekalender som du kan laste ned.

 

Publisert: 24. august 2016, 12:18