Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Songkveld med godt humør og gode historier

Jon Olav Ørsal Fredag 30. oktober 2020

Runa, Mari og Bjørn gjorde susen da Todalen sokneråd inviterte til songkveld i Todalen kyrkje fredag kveld.  Det var tidlegare organist Bjørn Vevang som sammen med forsangarane/solistane Runa Svare og Mari Kristine Brekken sørga for stemninga. Vi som var der kjem til å hugse denne songkvelden som ein triveleg og varm allsongkveld med mange gode historier og mykje latter. 

Sokneprest Kristin Strand las frå innleiinga til «Den gamle mannen og havet» av Ernest Hemingway. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var ikkje meir høgtideleg enn at det vart sagt at programmet for kvelden lagar vi i lag – og det som skjer det skjer.  Vi bruka songboka «Syng med» og da vart det reine ønskekonserten utover kvelden – som starta med «La oss leve» og som var innom «Ave Maria», «Änglamark», «Lys og varme» og mange til før vi avslutta med «Vårsøg» og «O store Gud» og «Deilig er jorden» heilt til slutt. Innimellom kunne vi som har levd ei stund også føle på stemninga frå Erik Byes «Vi går om bord» frå Store Studio da «Anna Lovinda» kom på programmet. 

Kristian Gjeldnes var kveldens «notarius publicus» og sørga for å halde styr på kven som var i lokalet i tilfelle koronaalarmen skulle gå. Han ønska også velkomen på vegne av soknerådet. Foto: Jon Olav Ørsal

Midt i kvelden var det eit lite avbrekk, der sokneprest Kristin Strand las litt frå innleiinga til «Den gamle mannen og havet» av Ernest Hemingway.  Det vart sagt at allsong passar god til den mørke årstida som no er i kjømda – den gir ofte mange fargar i overgangen frå dag til natt og det blir også sagt at songen gir auka empati når vi syng saman.  

Vi må iallfall gje mykje skryt for ein triveleg allsongkveld og ein kan ikkje unngå å bli imponert over den fleirstemte songen til Runa og Mari Kristine og briljeringa på pianoet som Bjørn bidro med – takk til dere alle! 

Klarstemte songarar – Mari Kristine Brekken og Runa Svare var forsongarar og solistar til allsongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn Vevang akkompagnerte på piano og orgel – på nært hald såg vi at det var ikkje noko for folk med giktbrotne fingrar i allfall. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølvsagt var det teke hansyn til smitterisiko og berre annakvar benk var i bruk i kyrkja. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. oktober 2020, 21:45