Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndagsope for grøne fingrar

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2019

Det er nok mange som stundar etter å starte våronna i hagen no, men det har nok vêrgudane sett ein effektiv stoppar for den siste tida. Med nysnø på plena og kuldegrader om natta så er det lite som minner om hagestell, sjølv om Hageland Surnadal er ope alle  dagar – søndagar inklusive for at du skal kunne drive i hagen. Søndagar er butikken open frå 12 til 17.

Borghild Talgø på Hageland er enig i at det har vore lite vokstravêr den siste tida, sjølv om det såg reint så fint ut på april. Ho fortel at det no er mykje blomster og busker på plass i butikken, og håpar sjølvsagt at det snart blir meir varme igjen.

Flotte hagehortensia til halv pris, reklamerer Borghild Talgø på Hageland.                             Foto: Jon Olav Ørsal

Sist torsdag hadde Hageland medlemstilbud på Hagehortensia – faktisk nedsett til halv pris. Sjølv om det gjekk ut mange, så er det enno att rundt 300 fine hagehortensia i butikken, og som ei lita oppmuntring utvidar Hageland tilbudet til også å gjelde laurdag og søndag – så langt lageret rekk!

Publisert: 10. mai 2019, 18:47