Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarkonsert i Øye kyrkje

Oddveig Helset Halle Onsdag 19. august 2015

Torsdag kveld er det duka for ein variert og fin konsert med unge musikkstudentar frå Surnadal i Øye kyrkje. Vi er så heldige å få høyre Sigrid Vetleseter Bøe  med tonefylgje av Hedda Hansen Berg på piano . Dei startar konserten med  ei avdeling med «Salmar i ny drakt» og avsluttar konserten med «Summertime» av G.Gersvin og «Sommernatt ved fjorden» av Kjetil Bjørnstad.

2 unge violinistar Karina Kosjanenko og Kirsten Næss er nettoppkomne heim frå kurs for Unge strykere i Stavanger og dei vil framføre både ny og gamal musikk. Linda Torvik akkompagnerer på piano og Oddveig Helset Halle på orgel.

Brage Einum studerer 3.året klaver hos Trygve Brøske ved Trøndelag Musikkkonservatorim /NTNU i Trondheim . Han skal  spele 1.sats  frå Klaversonate nr.4  av Beethoven.

Vi kan glede oss over desse talentfulle ungdomane !  Så alle er velkomne til ein sommarkveld med vakker musikk i Øye kyrkje!

Publisert: 19. august 2015, 22:16