Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommardagen med stor S

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juli 2016
Torsdag var det meldt på yr.no at temperaturen kunne krype over 30-talet, og det har han nok gjort fleire plassar. Jon Bruset kan rapportere om 30,4 varmegrader på Småhjellan i dag. Slike temperaturar er slett ikkje så vanleg, og sia han starta målingane i 1980 er det berre 5 dagar at det har skjedd, og berre 1 dag at det har vore varmare.
Det skjedde nemleg i 1994, den 26. juli da det vart målt 30,8 varmegrader. Målingane over 30 grader har skjedd i løpet av juli månad, så nær som ein – den 9. juni 2002 vart det målt 30,4 varmegrader så tidleg som 9. juni, medan det enno var vår!
Lista ser slik ut:
26. juli 1994  +30,8
  9. juni 2002 +30,4 (Uvanleg tidleg varmebølge det året.)
  3. juli 2008  +30,4
  4. juli 2008  +30,1
  9. juli 2014  +30,4
21. juli 2016  +30,4
Publisert: 21. juli 2016, 23:42