Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sølvtine for godt mjølkestell…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2015

På årsmøtet til Tine SA i Lillestrøm vart det delt ut sølvtine for samanhengande levering av elitemjølk i 15 år til Olaug Kvendset og Asgeir Longva frå Todalen. Det er ei utmerking som heng høgt, og i Surnadal kommune var det berre 2 bruk som fikk denne utmerkinga. Dei andre som fikk denne utmerkinga var Anne Kari Indergård og Magne Sollid som bor i Bæverfjord.

Det var Tine’s styreleiar Trond Reierstad og  konsernsjef Hanne Refsholt som overrekte utmerkinga under eit høgtideleg arrangement på Lillestrøm tysdag kveld. Det er en rekkje krav til kvalitet på melka for at den blir klassifisert som elitemjølk. Celletall, bakterieinnhald, sporeinnhald, syretall og frysepunkt blir kontrollert fleire gong i månaden og mjølka blir kontrollert for innhold av medisinrester ved kvar mjølkehenting. Kravet for å motta sølvtine er altså at ein må ha levert elitemjølk i 15 sammenhengende år. I tillegg til krav om elitemjølk er det også krav om KSL-godkjenning (Kvalitetssystem i Landbruket) og eit bra fjøsstell.

Det er også god økonomi i å levere elitemjølk. Rundt 30 øre ekstra pr liter blir da ein liten slup i løpet av nokre år, men det krev som sagt at ein er nøye med å halde topp kvalitet på mjølka.  Vi gratulerer med utmerkinga!

 

Publisert: 24. april 2015, 20:49