Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Soknerådet takka dugnadsgjeng

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. oktober 2017

Sommaren 2017 vart graset på kyrkjegarden i Todalen slått på dugnad, og onsdag kveld fekk dugnadsgjengen takk frå soknerådet som spanderte kaffe og nydeleg kake. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd som er ansvarleg for drifta av kyrkjene i kommunen, slit med trong økonomi og har ikkje pengar til å leige inn ferievikarar til sommarstell av kyrkjegardane. Men soknerådet i Todalen tok tak i saka og organiserte plenslåtten heile sesongen med unntak av førsteslåtten i mai. Kristen Bruset frå soknerådet var ansvarleg for dugnadsarbeidet, og han kunne fortelje at det var lett å få hjelp til slåinga, og at soknerådet fekk gode tilbakemeldingar for fin slått av kyrkjegarden. Dei som var med på slåtten, var: Johan Todalshaug, Jon Olav Ørsal, Eivind Grønmyr, Frode Grønmyr, Ola Bruset, Anders Gjeldnes og Kristen Bruset.

Det er mykje arbeid å slå heile kyrkjegarden, da det er mange omsyn å ta; der er det ikkje berre å kjøre rett fram og underlaget er noko ujamnt. Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd stilte plenklippar til disposisjon, og heldigvis så hadde Carsten Bohle i Stuå ledig garasjeplass til plenklipparen. Slik det ser ut no, vil det bli plenslåing på dugnad til sommaren og. Da trengst det på nytt slåttekarar.

Lars Polden takka soknerådet og dugnadsgjengen for godt arbeid i sommar. Kristen Bruset tek i mot velfortente roser. Foto: Jon Olav Ørsal.

Lars Polden frå Fellesrådet møtte opp med blomster og takka soknerådet og dugnadsgjengen for stor og god innsats gjennom sommaren. Han rosa todalingane for at dei er flinke til å stille opp når det trengst.

Lars Polden orienterte litt om situasjonen i kyrkja:

  • Heile vedlikehaldsbudsjettet for Fellesrådet vart i år nytta til reparasjon av muren under sakristiet og koret i kyrkja i Todalen. Fint utført arbeid av Tradisjonsbygg frå Sunndal.
  • Det er planer om å utvide parkeringsplassen ved kyrkja, men det blir ikkje før taket i Åsskard kyrkje er ferdig reparert.
  • Så langt er det ikkje tilsett korkje ny prest eller organist i soknet, men truleg vil det snart bli ny kyrkjetenar. Klokkarstillinga er inndregen, så no blir klokkargjerninga også utført på dugnad.

Kristen Bruset kunne fortelje at orglet i kyrkja treng reparasjon, og at soknerådet har gjort vedtak om å ta kostnaden med dette. Økonomien til soknerådet er heller ikkje god, men at mellom anna minnegåver i samband med gravferder gjer at dei no kan få reparert orgelet. Det er soknerådet glade for. Men eksperten som skal reparere orgelet, er sjukmeldt, så det kan ta litt tid før arbeidet blir utført.

 

 

 

Publisert: 4. oktober 2017, 22:41