Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snødronningen

Steinar Hasselø Måndag 4. november 2019

  Eventyrleg musikkteater for heile familien på Surnadal kulturhus fredag 15. november. Bli med Gerda på ei reise gjennom farar og store hinder for å redde bestevenen frå forbanninga frå Snødronninga! Korleis kan det gode vinne fram når det ser som mørkast ut?

H.C. Andersens kjente eventyr Snødronningen er ei storslått familieframsyning med nyskriven musikk, vakre melodiar og levande bilde.

Gerda og Kay er bestevener. Når vinteren kjem med ein kraftig snøstorm får Kay ein is-splint i auge. Han forbannar Gerda, blir lokka vekk av Snødronninga og forsvinn. Alle trur han er død – bortsett frå Gerda. På tross av at Kay har såra henne, bevarer ho trua på å finne og redde han. Vi får følgje med på Gerda si reise for å finne bestevenen. Ho møter mange utfordringar på vegen – og i enden av reisa ventar det store spørsmålet: Kan ho bryte forbanninga?

Snødronningen er eit klassisk eventyr om korleis kreftene i kampen mellom det gode og det vonde utspelar seg – også kjent for mange frå Disney sin film Frost, som er inspirert av historia om Snødronningen.

Du kan sjå meir av «Snødronningen» her: https://www.teatretvart.no/program/snodronningen/

 

Først publisert: 4. november 2019, 06:30 - Sist oppdatert: 1. november 2019, 18:35