Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Smøla G12 – Søya/Todalen G12

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. august 2020

I går spela Søya/Todalen sitt G12 lag kamp mot Eidsvåg på Søyabanen. Men allereie i dag (søndag) venta ein ny kamp mot Smøla G12 på Smøla. Så det vart ikkje mykje tid til restitusjon og kvile. Ei lang reise før kamp var nok heller ikkje ideelt for å «lade batteria» fullt ut att etter gårsdagens kamp.

Men resultat-messig vart det likevel framgang frå i går, sjølv om heimelaget til slutt trakk det lengste strået og avgjorde til sin fordel. Det skal leggjast til at Søya/Todalen måtte spele heile andre omgang med ein spelar mindre på grunn av skade. Laget scora dobbelt som mange mål som i gårsdagens kamp, altså 2. Måla vart scora av Orion F. Sæterbø og Sigurd Kvendset.

Helga 5 og 6.september reiser laget på overnattingstur til Romsdalen for å spele ikkje mindre enn 3 kampar på 2 dagar mot lag frå Hustadvika kommune. Då blir det nye høve til å score endå fleire mål, og ikkje minst ein fin tur som kan skape minner for livet. Vi ønskjer god tur, og kjem heilt sikkert attende med rapport frå dei kampane òg.

Takk til Gunnar Nordvik for bilete og info denne gongen òg!

Publisert: 23. august 2020, 15:17