Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slaktarhistorie frå Surnadal og Nordmøre

Steinar Hasselø Sundag 1. oktober 2017

Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.

Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune. Rundt femti bygdeslaktarar herifrå har fått eigen presentasjon, i tillegg til plassen som er via større og mindre slakteri i kommunen.

Todalingane er godt representerte, både med slakteri og slakterar – heilt fram til den siste store bygdeslaktaren; Johan Ørsal.

Slaktar Tore Nybrott

Astrid og Modulf Moen

 Dette er spennande stoff, og Sandvik har mange gode historier å krydre foredraget med.

Etter treffet blir det servert kaffe og kakestykke (medrekna i billetten) – og dei som vil, får sikkert også sjansen til å kjøpe boka til Sandvik.

Onsdagstreffa går inn som ein del av tilbodet støtta av «Den kulturelle spaserstokken».

Først publisert: 1. oktober 2017, 07:00 - Sist oppdatert: 30. september 2017, 09:11