Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skumle og søte på ein gong

Elinor Bolme Torsdag 1. november 2018

Allsidigheita var stor når nesten alle skuleungane og barnehageungane møttes til felles Halloweenmarkering i gymsalen i går kveld. Her var både søte damer, skumle typer, mumiar på rulleskeiser og mann i dusj på plass for ei hyggeleg fellessamling i forbindelse med årets kanskje skumlaste dag; Halloween. 

Opprinneleg var det planlagt ordinær balleik denne kvelden, men nokre foreldre kom på ideen med å invitere til alternativ barnetrim med utkledning. Eit positivt tiltak for at alle kan ta del i denne tradisjonen som nok er kommet for å bli. Til glede for borna, men kanskje ikkje så populært hos alle vaksne. Kveldens tiltak var eit fint initiativ som i alle fall foreldra syntes å setje pris på.

Marit Bruset tek gjerne ein limborunde saman med ivrige ungar.

Og dei som valde å komme til gymsalen denne kvelden angra nok i alle fall ikkje. Her var det stygg-gode muffins og skrekkeleg grøn skuffakake til alle mann. Og fri flyt av godteri! Så det vart kanskje ikkje så mange som fekk besøk på dørene i bygda denne kvelden av små skumle typar… Til slutt tok foreldra mot til seg og vart med på eit par rundar med kanonball. Noko som alltid er populært blant ungane.

Under eit lite bildegalleri frå arrangementet.

Publisert: 1. november 2018, 05:33