Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulestart for 100.gong ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.

Elevtalet for 2020/21 fordeler seg slik på årstrinna:

                 1.årstrinn              1 elev

                2.årstrinn              2 elevar

                3.årstrinn              3 elevar

                4.årstrinn              4 elevar

                5.årstrinn              3 elevar

                6. årstrinn             7 elevar

                7.årstrinn              3 elevar

Klassekontaktane dette skuleåret er Eline Dragsnes Årestrup for 1. – 4.årstrinn og Marit S. Lediard for 5. – 7.årstrinn.

1. årstrinn flankert av kontaktlærar Eline Dragsnes Årestrup (t.v.) og rektor Britt Mossing. Foto: BGA

Koronasituasjonen gjer det framleis nødvendig med tiltak for å hindre smittespreiing. Dette inneber mellom anna at det framleis vil vere mykje handvask og at elevane må halde avstand (1 meter) både i timane og i friminutta. Det blir heller ikkje servert skulemåltid og mjølk, men her blir eit alternativ som er tilpassa smittevernreglane under vurdering. Meir informasjon om dette vil bli sendt ut frå skulen seinare. Vidare blir det ikkje gym i gymsalen og ikkje høve til å dusje etter gymtimane. Rektor Britt Mossing fortel at dei i alle fall no i starten kjem til å prøve å ha ein del «ute- undervisning», men dette må sjølvsagt tilpassast vêret. Men både tilsette og elevar er godt førebudd på å følgje opp og tilpasse seg dei retningslinene som gjeld og vil gjelde framover med omsyn til eit godt smittevern.  

Då ynskjer vi elevar og tilsette lykke til med skuleåret 2020/21.   

 

Publisert: 17. august 2020, 09:28