Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulejubileum – «Mitt prosjekt 2»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. juli 2020

Då flyttar vi oss omtrent 35 år fram i tid i høve til førre presentasjon. Denne gongen er det òg ein handarbeidspose, som dottera til Margit, Ingri Bruset laga midt på 60-talet då ho gjekk i 3.klasse. Ut i frå motiva på handarbeidsposen kan det sjå ut som om det snart var påske, og  året var 1965. Ingri påstår ho ikkje var noko stort handarbeidstalent, men ein slik konklusjon kan ein ikkje trekkje ut i frå sluttproduktet. Randi Sogge (fødd Halset frå Furuhaugen) var lærar i handarbeid ved Todalen skule då Ingri laga handarbeidsposen sin.  

Broderi på handarbeidspose som tilhøyrer Ingri Bruset. Foto: IB

Ingri har og sendt med eit bilete av 2 årskull fødd midt på 50-talet, teke omtrent midt på 60-talet. Mange av dei som er med på biletet er 50-årskonfirmantar til hausten. Så då er det ikkje utenkjeleg at vi får høyre fleire historier om produkt som vart laga både i handarbeids- og sløydtimane ved Todalen skule. Òg sjølvsagt mange andre historier!

Oppskrift på handarbeidspose laga av Ingri Bruset. Foto: IB

1954 og 1955 årskulla ved Todalen skule teke skuleåret 1965/66 Foto utlånt av IB.

Publisert: 21. juli 2020, 07:04