Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuleferie neste!

Elinor Bolme Onsdag 17. juni 2015

Måndag kveld var det sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter. Her hadde alle elvar ved skulen, og ungane i barnehagen i vekene før øva godt for kveldens program. Og det var som vanleg ein fornøyelse å sjå, både for foreldre, søsken og den store mengden med besteforeldre som hadde teke turen til todalsskulen denne kvelden.

Barnehagen fikk æra av å starte med eit par sangnummer før det vart presentasjon av dei 6 eldste i barnehagegruppa som byrjar i 1. klasse til hausten. Etterpå tok skulen over med song og litt skodespel. Deretter vart det filmframvisning i foajeen. Dei eldste i barnehagen hadde nemleg gjennom vinteren laga sin eigen legofilm. Med god hjelp av personalet fekk ein sjå det sore dramaet om prinsessene i isslottet som var litt uheldig å gløyme eit lys inne før dei gjekk ut. Snarrådige prinsesser fekk ringt til 110 og hjelpa kom umiddelbart. Ungane las sjølv inn replikkane, fotograferte og bygde legobygningane.

Også skuleelevane viste fram sine filmtrailere. Her var dethøg spenningsfaktor frå start til slutt. Filmane frå skulen finn de her: Todalen og Stangvik Oppvekstsenter (facebook)

Undere er eit knippe bilder frå skuleavslutninga ved Todalen oppvekstsenter 2015. Alle foto Elinor B

Først publisert: 17. juni 2015, 04:52 - Sist oppdatert: 16. juni 2015, 22:57