Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skihytta – Bli med på Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mars 2015

Langfredag er den store dagen på Skihytta – da blir Kjerringdilten arrangert, og det blir kamp om å ta eit napp i vandrepokalen som er sett opp. I fjor var det så dårlege vêrutsikter til langfredag, at det offisielle programmmet vart avlyst, fortel hytteformann Terje Nordvik. Det siste nappet i vandrepokalen, var det Vilde Mikkelsen som tok i påska 2013. For den som ikkje er så kjent, så er Kjerringdilten eit langrenn som går på idealtid, og som har lange tradisjonar. Start er langfredag kl 13.00.

Utsikt frå Skihytta mot Bollknubben. Foto: Kristoffer Nordvik

Langfredag er hytta bemanna av hyttestyret, og kjøkkensjef Knut Halset tilbyr pølser m/brød, Kvikk Lunch, saft  og sjølvsagt nystekte bakels  kaffen.  Nordvik fortel at det også er mulegheiter for overnatting på skihytta som har 15 sengeplassar. Overnatting er gratis for medlemar i Todalen idrettslag, men kostar kr 100 for ikkjemedlemar. For grupper er det spesialpris, fortel Terje Nordvik som er ledar i hyttestyret og som koordinerer overnatting på hytta.

For nokre dagar sia nytta Knut Halset og Kristoffer Nordvik finvëret til vedarbeid på hytta. Dei sikra vedforsyning til neste år  med fin fjellbjørk som kjem til å gi mykje energi. Dei tok seg opp med snøskuter og kjørte fram ved til hytta den. krsitoffer har sendt oss fleire fine bilder som vi har lagt ut her.

Det er over helga meldt snøvêr eit par dagar, og det sikrar nok godt føre i påska. Hyttestyret kjem med ein førerapport når langfredagen nærmar seg, slik at vi kan gi litt meir info om korleis det er best å ta seg fram til Skihytta på Ørsalfjellet.

Skihytta_Vedarbeid_20150321_005

Vedarbeid på skihytta. Veden var kørydt fram med snøskuter. Foto: Kristoffer Nordvik

Skihytta_Vedarbeid_20150321_013

Her blir det ved til neste vinter. Foto: Kristoffer Nordvik

Skihytta_KnutH_20150321_002

…og sjølvsagt ein velfortjent pause. knut Halset nyter sola! Foto: Kristoffer Nordvik

Først publisert: 28. mars 2015, 17:03 - Sist oppdatert: 30. mars 2015, 01:24