Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skifta ut jordkabel som var skadd…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. august 2017

Onsdag Svorka Energi kabelarbeid i Husbygrenda – feil på ein jordkabel gjorde at kabelen rett og slett måtte skiftast ut med ein ny.  Kabelen som vart skifta ut var av gamal type og var lagt ned på nittitalet ein gong.

Jon Bergheim stillte med gravemaskin og sørga for ny kabelgrøft. Foto: Jon Olav Ørsal

Gjengen frå Svorka påviste enkelt kvar det låg kablar, og kvar dei kunne grava – dermed vart det ei ny grøft og ny, solid kabel vart lagt.  Det meste av arbeidet vart gjort onsdag og på torsdag var det litt opprydding som stod att. 

 

 

Publisert: 23. august 2017, 17:00