Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skapar betre sikt etter vegane

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2019

Dei siste dagane har det vore kantrydding etter FV671 frå Todalskrysset og retning Todalen. Det er Skog-Kompaniet som har jobben med kantrydding langs fylkesvegen og brukar ein stor traktor med hogstaggregat, kran og flishoggar. 

Svein Ove Holten har jobb i fleire dagar med å rydde vegkantane innover frå todalskrysset til Todalen. Foto. Jon Olav Ørsal

Det er mykje hjort og anna vilt langs vegen innover til Todalen, og dette har ført til mange påkjørsler og enda fleire nestenulykker på vegstrekninga.  Det hjelper nok godt å rydde vegkantane og lage betre sikt for trafikkantane.

Det er Svein Ove Holten frå Skog-Kompaniet som sitt bak rattet på maskina, og den handterer lett krattskagen langs vegen og flishoggaren sørger for at krattet blir til flis som blir spruta ut på vegkanten. Holten fortel at Skog-Kompaniet skal rydde heile vegen innover frå Todalskrysset og til krysset opp til Hjellnes – altså innom Svinviktunellen.

Vi har fått mykje skryt for at vi har gjort det ope og oversiktleg rundt Todalskrysset og innover til Todalen, fortel Svein Ove Holten i Skog-Kompaniet. Foto: Jon Olav Ørsal

Krattskogen går raskt unna på FV 671 innover mot Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. mai 2019, 16:32