Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal spre Todalsgener over heile landet….

Jon Olav Ørsal Fredag 20. mars 2015

Fredag kom det «limousin» frå Geno på Hamar for å hente ein oksekalv som er kandidat til å føre sine gode genar vidare over heile landet. Eins ærend kom bilen til Todalen for å hente oksekalven, som er utplukka som ein av 240 av dei beste oksekalvane som skal føre «slekta» vidare. Men «nr 1446» skal gjennom fleire testar, før han får sleppe til i avlsarbeidet når han blir kjønnsmoden etter kvart. Berre halvparten av dei 240 vil bli bruka i avl og berre nokre få av dei vil hamne som eliteoksar, så nålauget er trongt….

«Nr 1446» får vi kanskje sjå att i oksekatalogen om eit år eller to? Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Viastua er dette den 11. oksekalven som hamnar hos Geno. Av dei er det 5-6 som har kome så langt at dei er bruka i avl og to som har hamna i toppsjiktet som eliteoksar. Det er nok ikkje så mange som kan skilte med så mange seminoksar, sjølv om du reknar heile landet. Det er systematisk avlsarbeid over lang tid som har gjort at buskapen til Ola Kvendset har gjeve så godt resultat.Dette arbeidet starta faren Gudmund ein gong på 60-talet, da det vart slutt på bruk av lokale oksar i avlen, og ein starta med inseminering. Da starta arbeidet med å velje ut oksar med eigenskapar som passa til eigen buskap både når det gjeld produksjon, kvalitet, utsjånad og ikkje minst sjukdom. Dette arbeidet har vorte meir avansert etter kvart, og i dag brukar ein ofte kjerneseparert sæd for å sikre at ein får kukalvar etter dei beste kyrne.

Seminokse_KjellSkogli_OlaK_GudmK_5845

Tid for å ta avskjed og ønskje lykke til. Frå venstre Kjell Skogli frå Geno, Ola Kvendset og Gudmund K. Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var Kjell Skogli frå Hamar som hadde det ærefulle oppdraget å hente den unge kvennsetgardingen.  På returen skulle han hente eit par kalvar til på Vinstra i Gudbrandsdalen, før dei fortsette til Geno på Hamar. Geno praktiserer henting av få kalvar på kvar tur for å avgrense faren for overføring av sjukdomar. Hos Geno blir kalvane i eit år, før halvparten hamnar på slakteri. Dei som skal bli med vidare vil da få sine genar ut over heile landet – og dersom dei kjem i elitedivisjonen blir det enda litt lengre tenestetid. For Ola blir det nok ekstra  spennande å følgje med korleis prosessen går vidare for ”Nr 1446”. Kanskje finn vi «todalingen» i oksekatalogen om eit år eller to?

 

Publisert: 20. mars 2015, 21:58