Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal gå inn pengar til KBK frå Storlidalen til Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Kjetil Thorsen & Co i KBK «gikk inn pengar» frå Innerdalen til Todalen i fjor – i år gjentek dei turen, men denne gongen går turen frå Storlidalen til Kårvatn i Todalen. I fjor var dei eit 40-tal som var med på sponsorturen over fjellet.

Thorsen satsar på å få med seg mange god støttespelarar og sponsorar på turen frå Storlidalen til Todalen når dei legg ut i turløypa den 29. august. Det er plass til ca 50 på bussen frå Kristiansund, og håpet er sjølvsagt å fylle bussen før dei køyrer til Storlidalen.  Så går turen til fots vidare via Tovatna og utover Gammelseterdalen til Kårvatn – ein tur på 6-7 timer alt etter tempo.

Når dei kjem til Todalen blir det ein tur innom butikken på Kårvatn, før turen går vidare til Gammelfabrikken og arrangement med middag og hygge der, før turen går vidare til Thon Hotell Surnadal for overnatting.

Publisert: 20. juni 2018, 18:00