Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste runde med skulebussen til Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juni 2020

I dag er siste skuledag for barneskulen og ungdomsskulen, og dermed siste dag med skulerute til Todalen denne våren. Dermed er det ogs siste dag som fast tilsett skulebussjåfør for Kristian Kjølstad.  Dette vart markert i kaffekroken i dag tidleg, da Jorid H. Ansnes overrakte ein blomstebuett som ei helsing frå Matkroken Todalen. 

Kristian har køyrt skulebussen frå Todalen sia 2009, da han tok over denne jobben etter Olav Bjørnstad som køyrte ruta tidlegare.  Det blir temmeleg nøyaktig 11 år på denne ruta for Kristian. No går han over i pensjonistanes rekkjer, men vil nok ta ein og anna turen som tilkallingsvikar når behovet melder seg. 

Han starta sin karriere i Mørelinjen i 1996 etter mange år som sjølvstendig lastebilsjåfør. Den første perioden i Mørelinjen var han skulebussjåfør i Romsundstadbygda i Rindal. Mørelinjen vart seinare oppkjøpt og vart til Nettbuss som har vore arbeidsgjevaren dei siste åra. 

 

Publisert: 19. juni 2020, 08:26