Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste Kløvertur denne hausten

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. november 2019

Måndag 11. november blir det siste Kløverturen denne hausten. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Denne dagen  går turen frå butikken og innover skogsvegen i Kvennsetlia.

Her kan ein gå litt etter eige ønske; kanskje berre gå etter ekra innover, gå den flataste skogsvegen eller ta ein tur oppå Løfta. Yr melder sol og kaldt ver. Da blir det kaffepause i Kaffekroken etter turen.

Alle er velkomne til å bli med ut og gå! Det gjer så godt!

Publisert: 10. november 2019, 00:11