Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Siste finpuss før SIL-regncup

Siste finpuss før SIL-regncup

Elinor Bolme Tysdag 11. juni 2013

I kveld møttes knøttelaget i Todalen og knøttelaget på Søya til høgtidleg treningskamp på Søyabanen. Todalingane hadde fått 2 nye spelarar i sine rekkjer, som ville prøve seg på kampspel før dei debuterer på sin første cup no til helgas SIL-regncup  på Syltøran. Todalingane tapte «knepent», men det verka ikkje som om var verdens undergang. Popcornet på sidelinja var vel så viktig.

Nora Kårvatn og Shan Allan Halle debuterer i cupsamanheng på søndag. Dei fekk kvar sin ball, drikkeflaske og strømper som ein liten motivasjon før treningskampen starta.

Her er ein typisk situasjon i slike divisjonar: keeper og back diskurerer kven som skal gi frå seg ballen etter ei scoring, og to av jentene knyter skoreimer.

Det var stor aktivitet på baneanlegget denne kvelden med ei G10 trening og ein G12 kamp i tillegg. Gutane på G12 vann nok ein kamp. Denne gongen 9-2 mot Sunndal 4, ei fin oppladning til dei reiser på Romsdalscup til helga. Bildet viser Sunndal si andre scoring etter straffespark.

Publisert: 11. juni 2013, 06:57