Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Singel & sand på hamna

Jon Olav Ørsal Fredag 14. august 2015

Sandkaia i Sissigrenda er ikkje akkurat den travlaste hamna til kvardags, men fredag føremiddag låg MS Freifjord der for å losse singel og sand til Gjeldnes Maskin.  MS Freifjord kom frå Herøy på Sunnmøre, og var lasta med 1050 tonn med knusagrus og singel, fortalte Per E. Gjeldnes, som kjørte grusen over på depoet som firmaet har ved kaia.

DSC_1230

Arne og Per tok unna etter kvart, og tippa grusen på deponiet like ved kaia. Foto: Jon Olav Ørsal

1050 tonn med grus kan du rekne om til 635 m3, og når det går 8 m3 på kvart lass blir det rundt 80 lastbillass på ein slik båtlast. Dette er 4. gongen dei tek inn ein heil båtlast med grus i sommar, fortel Per, som reknar med at dei no har grus for ein månads tid framover.  Knusagrusen og singelen er laga av knust fjell og har derfor veldig god festeevne samanlikna med knusagrus som er laga av grus og morenemasse.  Per og Arne Gjeldnes kjørte i skytteltrafikk for å få lossa båten fortast muleg.

DSC_1228

Per Gjeldnes bak rattet på dumperen, medan Arne bruka lastebilen til å ta unna. Foto: Jon Olav Ørsal

 

DSC_1224

Arne Gjeldnes tippar singelen på deponiet, medan «havnefogden» – Anders Todalshaug – passar på at alt går rett for seg. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. august 2015, 13:05