Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siloplasten blir resirkulert

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. mai 2015

Laurdag var Steinar Husby frå transportfirmaet Ottem i Todalen og omeng for å hente brukt brukt plast frå siloballar til resirkulering. Det blir bruka store mengder plast i landbruket, og det er viktig at dette blir samla inn og resirkulert – kanskje plasten kjem att som brusflasker eller kanskje ein flott fleece-jakke i neste omgang.

Bra at det er resirkulering på plasten.  Frå venstre Steinar Husby, Gudmund Kvendset og Ola Kvendset.  Foto: Jon Olav Ørsal

Da vi trefte Steinar var han hos Ola Kvendset i Viastua for å hente returplast. Ola fortel at det blir bruka 3-4 siloballar pr dag, og på årsbasis rundt 1200 baller til foring av buskapen. Returordninga er eit samarbeid mellom produsent, forhandlar og brukar gjennom ordning «Grønt Punkt Norge«.  Steinar samla inn plast rundt omkring på gardane med kranbil, og skulle levere dette for vidare transport hos Franzefoss på Sunndalsøra.

Publisert: 16. mai 2015, 20:00