Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siktar seg inn på ein rettare mur

Elinor Bolme Onsdag 6. juli 2016

Førstkommande måndag startar Todalen sokneråd med omfattande restaurering av deler av kyrkjemuren rundt Todalen kyrkje. I kveld var ein gjeng frivillige oppi Teljehaugen og pukka fram stein til bruk i arbeidet. Hoveddelen av restaureringa er det Tadeusz Przespolewski (også kalla Ted på Sandmo) som skal utføre, og han vil ha med seg to stabile handlangarar i Eivind Grønmyr og Gudmund K Kvendset. Dagens mur må stykkjevis demonterast for så å setjast opp att igjen frå hovedinngangen og opp til øvre hjørne mot Moen. Kor omfattande arbeidet blir ser ein ikkje før demonteringa blir sett i gang.

Skulle det bli behov for meir dugnadshjelp vil vi «lyse ut» fortel Anders Gjeldnes, som er kveldens representant frå soknerådet. Med seg i planlegginga har han og soknerådet hatt god støtte i Ragnar Halle, som har ordna både med handverkar, leveranse og transport av stein. Finansiering av prosjektet er basert litt på dugnad, samt deler av minnegåva til soknerådet etter Dordi Bruset sin bortgang.

image

Muren frå porten og oppover bygda må korrigerast. Deler hell no på å fell ut, og tida er inne for renovering.

 

image

Ragnar Halle, Anders Gjeldnes og Ola Bolme plukkar fram egna stein til restaureringsarbeidet ved Teljehaugen.

 

image

God stemning tross tunge tak. Men Emil Haugen Ansnes blir ikkje vippa av pinnen for ei utfordring.

 

anders gjeldnes kyrkjemur

I hjørnet opp mot Moen må det ryddast slik at steinmuren kjem fram og ein får sjå kor omfattande opprettinga må bli.

Publisert: 6. juli 2016, 20:08