Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bronse til Sindre Bruset i NM

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda har tysdag, i går og i dag, som ein av seks finalistar i sin klasse, delteke i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekomfaget, som vart arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo. Sindre gjorde ein kjempefin innsats dei tre finaledagane, og kom til slutt på ein fin tredjeplass, og vart dermed bronsevinnar

Les heile saka


Asketre frå Talgø gård blir leikeapparat på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

I fjor vart asketrea, som i mange år hadde stått i alleen ved Talgø gård hogde ned. Det har etter dette vore spekulert i kva ein skulle bruke dei til, og forskjellege idear har vore diskutert. Til slutt kom Gunnar Nordvik med ideen om at det var mogleg å lage leikeapparat i lysløypa på Tjønnmyra av dei store trea.

Les heile saka

Surnadal Pensjonistlag inviterer til «trivselskveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. april 2024

Surnadal Pensjonistlag inviterer til «trivselskveld» på Surnadal hotell onsdag 8. mai klokka 19:00.
Det blir servert ytrefilet av svin fra Sylte gardsslakteri med parmesanstekte poteter, smørdampa brokkolini og heimelaga pepparsaus.

Les heile saka

Saklista til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. april 2024

Todalen bøgdalag gjennomfører årsmøtet sitt for 2024 i Todalen ungdomshus torsdag 25. april klokka 19:30. No er saklista til årsmøtet klar, og inneheld vanlege årsmøtesaker som årsmelding og rekneskap. 

Les heile saka

Vedaarbeid og mykje sosialt samvær

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. april 2024

I fjor haust og i vinter har det vore stor aktivitet med vedhogst og tømmerdrift på Talgø gård. I samband med at Sollid skog AS dreiv tømmerhogst i vinter vart det også hogd mykje ved. I tillegg har Kjell Gunnar Polden rydda skog oppover mot Svabu, Rydda bjørk rundt kokkhuset, og hogd older ved elvekanten, slik at folk kjem seg ned til elva.

Les heile saka

Ledig stilling som museumsgartnar i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. april 2024

Nordmørsmusea har ledig stilling som fast museumsgartnar i 100% stilling i Svinviks arboret, som dei no lyser ut. Stillinga har særskilt ansvar for drift og utvikling av Svinviks arboret, samt fagansvar for den levande samlinga i Nordmørsmusea elles. Dette betyr at museumsgartnaren har ansvaret for planter, eller dyr, som på grunn si historiske og genetiske bakgrunn er berarar av kulturhistorisk informasjon, og som difor inngår som ein del av museet si samling. I Nordmørsmusea gjeld dette per i dag planter/hageanlegg, og slåttemark 

Les heile saka

Fysioterapeutar med rettleiing til trimmarane

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Sist tysdag hadde «dametrimmen» besøk av fysioterapeutane Martin Berg Hansen og Marit Nordvik Betten, og i dag var det «kaffekrokens venner» sin tur til å få besøk med rettleiing frå fysioterapeutane. 

Les heile saka

Todalingen Sindre Bruset til NM-finalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Finalen i NM for lærlingar og unge montørar i elektrikar- og telekom faget vert arrangert av Nelfo (NHO) i Oslo frå tysdag – torsdag denne veka. Av dei ti finalistane er heile fem frå vårt fylke, og Sindre Bruset (20) frå Hjellen i Brusetgrenda er altså ein av dei. Sindre er for tida lærling hos Bratseth på Sunndalsøra, der han tok til hausten 2022. 

Les heile saka

Todalshytta: Ny balldag komande torsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2024

Todalshytta slår til med ny balldag komande torsdag 18. april.  Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00.  Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør.  Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er det nok best med det du er vant til, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Bestill gjerne på SMS/telefon 929 97 550.


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. april 2024

Styret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ope møte omsdag 17. april klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim. 
Det blir orientering om Surnadal Pensjonistlag sine aktivitetar framover våren og sommaren. 

Les heile saka

Årsmøte i Todalen Båtforening- oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2024

På denne tida er det travel åsmøtetid, og og denne gongen er det Todalen båtforening det gjeld.  Det skjer torsdag 6. mai kl 19:00 i båthamna eller på kantina i 2. etasje på anlegget på Kvennset.

Les heile saka