Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning for Kløverturane

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. november 2018

Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer til sesongavslutning for Rusleturar og Kløverturar i Sanitetshuset måndag 5. november. Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Yr melder mildt og godt ver, så da blir det først trimtur i nærområdet til Sanitetshuset; rundt om byggefeltet, utover til Småbåthamna eller ein tur opp til Løfta.

Etter turen blir det servering og sosialt samver i sanitetshuset. Dersom nokon treng skyss, kan dei ta kontakt med:

Jorunn Hals Ørsal, tlf.: 942 78 914, eller

Dordi Jorunn Halle, tlf.: 924 58 007.

I løpet av året har det så langt vore 29 turdagar, av dei sju rusleturar. Deltakartalet har variert frå 8 til 29. Det ser ut som Kløverturen er eit tiltak som blir sett pris på, og da er det fint å markere sesongslutt med kaffe og kaker! Og alle som har vore med på tur eller kaffelag, er velkomne til å bli med på avslutninga. Er ikkje dagsforma på topp og det er vanskeleg å gå tur, så er det berre å møte opp og bli med på kaffelaget!

Dette blir siste dagen med Rusletur dette året, men det kan bli fleire Kløverturar utover hausten.

Alle er velkomne!

Lengste og brattaste turen denne sesongen var oppå Haukarsteinen ein finversdag i vår. Foto: Dordi J H

Fin og stabil vinter, så det vart tur både med og utan ski. Foto: Dordi J H

Publisert: 3. november 2018, 01:12